Besøk Ritlandskrateret

Åme Hjelmeland kommune er ein landleg og naturrik kommune i hjartet av Ryfylkeregionen. Ritlandskrateret finn du etter ca. 20 minutt kjøring med bil frå Hjelmeland ferjekai mot Vormedalen. Bilen kan du parkere ved Kleivaland parkeringsplass (følg skilt). Følg turvegen frå Kleivaland til Melands-Grønahei. Etter ca. 35-40 minutt kjem du til dalen til Ritlandskrateret.

Ryfylke er ein vakker region i Sør-Vest Noreg, kor ein kan oppleve heile det norske landskapet med kystlandskap, fjordar, øyer og skjergard, lakseelvar, lågland, dalar, vidder og høge fjelltoppar.

Ryfylke er heimen til kjende naturattraksjonar som Preikestolen og Kjeragbolten og til andre spesielle natur- og kulturopplevingar som Skomakarnibbå, Svandalsfossen, Suldalslågen, Blåsjø, Ryfylkeøyane, Flørli og Almannajuvet

Nasjonal turistveg Ryfylke er ein 183 km lang strekning som går gjennom det flotte Ryfylkelandskapet frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå ved Røldal.

Oppdag regionen

Les meir og planlegg eit besøk til Ryfylke på Reisemål Ryfylke og Ryfylkeøyane.

Oppdag FjordNorge på FjordNorway.

         Hjelmeland kommune, Vågavegen116, 4130 Hjelmeland, Norway. Ta kontakt med oss.