gulbanner-no

Om Ritlandskrateret

Ritlandskrateret - eit kapittel i jordas historiebok

Ritlandskrateret er ei unik naturoppleving i Hjelmeland kommune. Området nær Ritlandgarden er resten av eit nedslagskrater som var danna av ein meteoritt for ca. 500 millionar år sidan. Krateret ligg lett tilgjengeleg i ei populært turområde på utkanten av Vormedalsheia. 

I og rundt krateret kan ein lese om lag 500 millionar år geologisk historie. Dessutan finst spor av nedslaget, fossilberande bergartar og unike fjellplantar i området, bl.a. i Øyastølmyra naturreservat.

Fridtjof Riis

Oppdaging av eit nedslagskrater

Geologen Fridtjof Riis kom til Ritlandsområdet første gong i 1985. Han byrja å undre seg over spesielle bergarter i dette område. Kjente geologiske hendingar som fjellkjedebygging og erosjon kunne ikkje forklare kva han såg på Ritland.

I 2001 kunne han samanlikne Ritland med Gardnoskrateret i Hallingdal, som er det første nedslagskrateret i Noreg. Då fann han ut at bergartene på Ritland kunne forklarast med eit meteorittnedslag.

Han samarbeidde med forskarar frå Institutt for Geofag på Universitetet i Oslo, som også studerte Gardnos krateret. Norges Forskningsråd finansierte utforskninga av Ritlandskrateret gjennom prosjektstøtte til Universitetet i Oslo. Under feltarbeid på Ritland fant dei eit lite område med suevitt. Suevitt er ein bergart som blir danna ved eit meteorittnedslag, og den er ganske spesiell.  Men det finst andre bergartar som liknar på den, så alt var ikkje heilt avklart.

SuevittMen i 2008 kunne dei påvise sjokka kvarts under mikroskopet, kvartskorn med ein skifta krystallstruktur, som var det endelege beviset for eit meteorittnedslag på Ritland.

Dei presenterte forskingsresultatet på vitskapelege møte og fekk dei fullstendig publisert i 2011. I 2011 blei Ritlandskrateret også inkludert i Earth Impact Database, som er ei verdsomfattande vitskapeleg database av påviste meteorittkrater.

Store steinblokkar ved Støpastøl

Ei geologisk sjokkhistorie

Då Ritlandsmeteoriden slo ned var Ritland ei grunt hav med nokre få meter leire på botnen. Meteoriden hadde antakeleg ein diameter på 100-150 m og bevega seg mot jorda med ein fart på ca. 20 km/s. Energien som blei frigjort ved nedslaget sørgde for at meteoritten fordampa og forsvant og at eit krater på 2,7 km i diameter og 400 m djupne blei danna.

Grunnfjellet i heile området blei knust og temperaturen blei så høg at grunnfjellet på treffområdet smelt og blei forvandla til ei spesielt bergart som kallast suevitt. Vatn og steinblokkar blei kasta opp meir enn 3 km og slengt ut over eit område på  4 km. Bergartene inneheld bl.a. små korn av mineralet kvarts. Kreftene under nedslaget var så store at krystallstrukturen i kvartskorna blei "sjokka" og forandra. Det finst berre ei hending i naturen som kan valde dette, og det er eit meteorittnedslag. 

Etterpå blei krateret fylt først med stein og grus som raste ned de bratte kraterveggene. Deretter blei det fylt med leire, sand og kanskje andre sediment. Ca. 200 millionar år etter nedslaget blei Noregs vestlige fjellkjede bygd og krateret blei pressa ned av overliggjande fjell til meir enn 4 km under bakken. På grunn av varmen og trykket på slike djup blei leira forvandla til skifer, sanda blei til sandstein og det knuste grunnfjellet til hardt fjell. I den seinare geologiske historia har isbrear og elver fjerna det aller meste av dette topplaget og erosjonen har tatt med seg ein del av kraterkanten og skiferstein inn i krateret. Likevel blei den austlege delen av krateret bevart, slik at vi kan sjå det i dag.

         Hjelmeland kommune, Vågavegen116, 4130 Hjelmeland, Norway. Ta kontakt med oss.