gulbanner-no

Utforsk Ritlandskrateret

Steinar frå himmelen

Asteroide-belteSolsystemet vårt består ikkje berre av sola og planetane. I tillegg finst òg masse stein- og isblokkar som beveger seg rundt sola. Nokre er små som støvkorn, andre er store som ein storby med ein diameter på fleire kilometer. Kometar består stort sett av is og stein og asteroidar av stein og metall. Dei fleste asteroidar finst i eit belte mellom Mars og Jupiter. Det er her vi finn årsaken til dei fleste nedslaga på jorda. Meteoridar er relativ små steinklumpar som oppstår frå ein asteroide eller komet. Når ein meteoride reiser gjennom atmosfæren forbrenner den og sender ut eit lysspor, som kallast ein meteor eller stjerneskott. Restar av ein meteoride på jorda heitar meteorittar.

Meteoridar og asteroidar kolliderer ofte med andre objekt i rommet. Berre sjå på månen vår. Med ein kikkert kan du sjå at  den er full av kratere, som er "arr" etter kollisjonar med andre objekt. Men på jorda er det mykje vanskelegare å finne nedslagskrater, det er mindre enn 200 som er påvist til no. Geologiske prosessar forandrar jordskorpa kontinuerleg og gjer at spor etter tidlegare nedslag blir ofte viska ut eller skjult. Dei fleste meteoridar som kryssar banen til jorda er små og forbrenner i atmosfæren vår. Men av og til finn vi ein stor meteoride eller asteroide i nærområdet, som kan krasje ned og danne eit nedslagskrater.

Les meir om astronomi og solsystemet vårt her.

Trilobitar

Jorda rundt i 500 millionar år

På austsida av krateret finst ein fjellvegg som består av mørk skifer. Denne skiferen fortel historia om kva som skjedde etter at krateret vart danna. Her i skiferen finst det nemleg fossil av bl.a. krepsdyr og utdøydde dyr som heitar trilobitar. Fossile trilobitar finst over heile verda og vi veit at dei levde i eit tropisk havklima for 250-500 million år sidan i ein geologisk periode som heitar Paleozoikum. Så derfor må Ritland har vore eit tropisk hav ein gong!

Verdsdelar beveger seg over overflata av jorda med 1-10 cm per år. Når vi går tilbake i tid, så ser vi at Noreg har bevega seg nordover i millionvis av år og at Noreg faktisk låg i den tropiske sona i tida etter nedslaget. Så det fossile beviset stemmer med kva vi veit om jordas historie i dag.

Les meir om den geologiske historia til Noreg hos Norges Geologiske Undersøkelse (NGU)  og her.

Besøk det virtuelle fossilmuseet (på engelsk).

         Hjelmeland kommune, Vågavegen116, 4130 Hjelmeland, Norway. Ta kontakt med oss.